Om oss

Stord Lydskule blei grunnlagt i 2024 av Alejandro Gómez Villanueva. Alejandro har bakgrunn i akademisk musikk med ein BA i Musikkvitskap og ein MA i Musikkforsking. Han har òg studert song og trombone i musikkonservatoriet, og har ein del erfaring med musikkformidling og pedagogikk, både som tidlegare formidlingsansvarleg på Troldhaugen og Siljustøl i Bergen, og sidan 2019 som musikkproduksjonslærar ved Sunnhordland Folkehgøskule.

Omtaler

Skap eit rom der du kan uttrykka deg sjølv

Alle menneske har rett til musikk

Me lever i ei verd der musikk og kunst generelt forsvinn frå skulane, og der kreativiteten og leikenheiten er sett som hobbyar og underholdning. Det er difor det er meir nødvendig enn nokon sinne å skapa eit rom der ein kan uttrykka seg fritt, anten det er med ein laptop, ein fiolin, ein gitar, ved å rappa, eller eksperimentera med støy. 

Musikk har aldri vore meir tilgjengeleg, heller aldri meir nødvendig.

Stord Lydskule ønsker å avmystifisera den musikalske prosessen og demokratisera tilngangen til denne. Som elev skal du kunna bli kjent med andre som har samme interesse, i tillegg til å få rettleiing og tilpassa verktøy som hjelper prosessen din. Me ønsker ikkje å skapa ein musikalsk mal som elevane skal passa i, det er elevane som må utforska og finna sin veg, med hjelp av oss.

Høyrest dette spanande ut? Ikkje nøl med å ta kontakt!