Ofte stilte spørsmål

1. Kva er forskjell mellom Musikkproduksjon A og B?

Når det gjeld fagplan er begge kurs ganske like, forskjellane er at A er designa for dei som har ingen eller lite erfaring, mens B er for dei som allereie har brukt ein daw og har grunnleggande kunnskap i musikkteori.

2. Må eg kunna spela eit instrument frå før?

Absolutt ikkje. Både Musikkproduksjon A og B er designa for at dataen er det du treng. Det er veldig kjekt om elevane kan spela eit instrument, men ikkje nødvendig.

3. Kan eg nedbetala beløpet?

På Stord Lydskule kan du velja å betala per semester, eller per kvartal. Prisen for kvartalet er 250kr dyrare, men viss du betalar fyrste kvartalet og ønsker å fortsetta heile semesteret, betalar du berre 2000kr for det andre kvartalet, slik at prisen blir 4500kr totalt (som tilsvarer prisen du får når du betalar heile semesteret).

4. Kva er aldresgrensa/aldersgruppa for kursa og workshopane?

Stord Lydskule er retta både mot ungdom og vaksne. Idéen er å laga ulike klasser og setta saman folk i like aldersgrupper, men dette er avhengig av søkarane. Om det blir ein merkbar forskjell i alder mellom elevane, skal me informera dei det gjeld på førehand.

5. Angrerett/Prøveperiode

Me tilbyr ein prøveperiode på 2 undervisningsdagar. Dette vil seie at du kan få 100% refusjon so lenger du gir beskjed før den tredje undervisningsdagen. Dette gjeld berre kurs Musikkproduksjon A og B.
Kontingenten må betalast før fyrste undervisningsdag.

6. Kor skal undervisninga føregår?

Me held på å finna eit lokale, men det blir mest sannsynleg i Leirvik sentrum. Me skal informera om dette med ein gong me har meir informasjon.

7. Skal undervisninga vera om morgon eller på kveld?

Det skal vera mogleg å ha kurs og workshops både om morgon og på kveld. Det er avhengig av etterspørsel.

8. Må eg betala fullpris om eg starta seinare?

Nei. Du slepp å betala for dei tidlegare timane.