Alejandro Gómez, grunnleggar og lærar

Stord Lydskule blei grunnlagt i 2024 med mål om å tilgjengeleggjera musikkproduksjon på Stord og i Sunnhordland.
Alejandro har bakgrunn i akademisk musikk med ein BA i Musikkvitskap og ein MA i Musikkforsking. Han skreiv masteroppgåva si om den norske komponisten Fartein Valen. Han har òg studert song og trombone i musikkonservatoriet.

Når det gjeld musikkproduksjon har Alejandro tatt mange kurs i løpet av åra. Han ynskjer å avmystifisera den musikalske prosessen og demokratisera tilgangen til denne. I tillegg til å vera ein evig student, og halda seg oppdatert med dei nyaste teknikkane, har Alejandro fått rettleiing av den norske elektroniske artisten John Derek Bishop, og den nordamerikanske miksing ingeniøren David Vignola. Han jobbar òg som lydingeniør i sitt eige heimestudio ruio.records.

Alejandro har jobba med formidling og undervisning i fleire år, både som formidlingsansvarleg og guideleiar ved Troldhaugen (Edvard Grieg Museum) og Siljustøl (Harald Sæverud Museum) i Bergen, og som musikkproduksjonslærar ved Sunnhordland Folkehøgskule sidan slutten av 2019. Som musikkproduksjonslærar har han mellom anna undervist i produksjon, studioteknikkar, filmmusikk, spelmusikk, live performance med analoge og digitale verktøy, miksing og mastering.

Som artist er Alejandro opptatt av spontanitet, tekstur og rom, og han bruker ofte feltopptak og si eiga stemme i verka sine. Når det gjeld sjangrar, jobbar han vanlegvis med electronica, ambient, drone og noise.

I tillegg til musikk har Alejandro to andre lidenskapar, kaffi og basketball, og han er heldig som er Easybasket-trenar for klubben Stord basketball.