Spelmusikk (adaptive audio)


Både for musikkprodusentar, lyddesignarar og komponistar som skapar original musikk eller lydeffektar, eller spelutviklarar som bruker royalty free-lydfiler.

Er du ein musikkprodusent, lyddesignar, komponist, eller kanskje spelutviklar som ønsker å kunna få musikken til å interagera med det som føregår i spelet?

Spelindustrien har vakse veldig mykje dei siste åra, og kjem til å veksa enno meir den næraste framtida. Men kva er spelmusikk? Spelmusikk i dag er rett og slett musikk i kva som helst stil som tilpassar seg det som hendar i spelet. Det er dei variasjonane og endringane i musikken som definerer sjangren. 

I denne workshopen skal me difor legga vekt på akkurat dette, ved å læra oss den gratis middlewaren FMOD, eit lydsystem der du kan bygga din soundtrack eller lydeffektar slik at dei blir endra eller utløyst av parametrar i spelet. FMOD-prosjektet vårt kan deretter integrerast i ulike spelmotorar som Unity. 
Dette kurset passar både for musikkprodusentar, lyddesignarar og komponistar som skapar original musikk eller lydeffektar, eller spelutviklarar som bruker royalty free-lydfiler.

Denne workshopen bør vara minst to dagar, men kan tilpassast.

Oppsummering:

  • Fokus på opplæring av middleware FMOD (gratis)
  • Passar for musikkprodusentar, lyddesignarar, komponistar, og spelutviklarar
  • Tilpassa innhald