Miksing
Modul I: innføring i miksing
Lær dei grunnleggande konsepta av miksing ved å jobba med ein enkel song frå start til slutt. Me kjem til å gå gjennom volum og gain staging, pannorering, automasjon, eq, compression, saturation, reverb og delay.
Modul II: template, busses & return tracks
Lær å laga ein template, forstå meir om signal gong, og konseptet topdown miks. Når ønsker me å bruka kompressor "x" og når kompressor "y"? Me utviklar hørsel ved å samanlikna "a" og "b".
Modul III: multiband & parallel processing
Miksing handlar for det meste om ei rekkefølge med mange små endringar. Korleis kan me påverka enno mindre delar av signalet? Svaret er multiband og parallel processing.
Modul IV: the mix buss
Miks bussen er for mange siste delen av miksing, for andre blant dei fyrste justeringar som blir gjort. Uansett, det handlar om å behandla songen i sin heilhet. Denne modulen legg meir fokus på dette.
Me skal gå frå dette...
til dette...
- Desse modulane kan vera ulike dagar, eller same dag
- Modul I er berre for dei som ikkje har jobba med miksing før
- Mange av desse konsepta skal dukka opp i alle modulane, men dei skal få meir fokus på ulike tidspunkt
- Kvar modul kan bruka frå 1 eller 2 timar til 5 eller 6 timar
- I det tilfelle, kan kvar modul bli ein ny song, og ein ny sjangar
- Viss det blir brukt kjøpt plugins, skal det informerast om eit gratis alternativ, so lenger det lar seg gjera
- Du kan bruka den softwaren du føler deg mest komfortabel med. Teknikkane forklart kan brukast i alle daws
- Viss deltakarane ikkje eig ein software, gi beskjed til oss. Me kan tilby opplæring i Waveform Free, som er gratis