Lyddesign

Modul I: subtractive & wavetable syntese

Lær subtractive & wavetable syntese mens du forstår dei grunnleggande konsepta i lyddesign: oscillator, lydbølge, filter, envelope, lfo, osv. Lær å laga pulserande bassar, drivande leads, lushy pads, og rytmiske plucks.

Modul II: sampling

Sampling er eit av dei viktigaste verktøya i elektronisk musikk. Lær å laga eigne og unike instrument av dine telefonopptak. Lær å prosessera eksisterande samples so dei blir ugjenkjennelige, forfriskande og genuine.

Modul III: fm syntese

80-talls musikk hadde ikkje vore det samme utan fm syntese. Lær kva som ligg bak desse utruleg kule og rare lydane, og skap ulike patches som: orgel, keys, trommer, sci fi-lydar, osv.

Modul IV: modular syntese

Har du sett nokon gong ein stor synth med mange ledningar og blinkande lys som laga «prumpelydar»? Då har du sett, og høyrt, modular syntese. Men modular syntese kan laga mykje meir enn det, det er eit univers av moglegheiter, og det som er best er at det kan òg gjerast digitalt, og gratis. Crazy times!

  • Alle synthane brukt er digitale og gratis, slik at deltakarane kan bruka akkurat dei samme
  • På slutten av workshopen skal deltakarane kunna laga eigne patches

  • Denne workshopen passar både for dei som bruker analoge og digitale synthar

  • Kvar modul kan vara frå 1 eller 2 timar til 5 eller 6 timar
  • Du kan bruka det musikkprogrammet du føler deg mest komfortabel med
  • Viss deltakarane ikkje eig eit musikkprogram, gi beskjed til oss. Me kan tilby opplæring i Waveform Free, som er gratis