Velkomen til Stord Lydskule
Hei, og velkomen til Stord Lydskule!
Om du er her, er det fordi du er interessert i å læra musikkproduksjon, eller kjenner nokon som er det, eller berre er nysgjerrig og vil veta kva som føregår på Stord. Uansett... takk for at du er her!
La meg introdusera meg sjølv. Eg heiter Alejandro Gómez og er grunnleggar av og lærar på Stord Lydskule. Eg byrja å bygga dette prosjektet i 2024 med mål om å tilgjengeleggjera musikkproduksjon på Stord og i Sunnhordland. Eg har jobba over 7 år med musikkformidling, og 5 år som musikkproduksjonslærar. På denne tida har eg oppdaga at det er akkurat dette eg brenner for, å opna denne abstrakte og spanande verda for andre.
Korleis planleggar eg å gjera dette? På forskjellige måtar. Ein av dei tenestene Stord Lydskulen tilbyr er faste kurs i musikkproduksjon som skal føregå i løpet av heile året. Det blir òg arrangert workshops i ulike tema: miksing, spelmusikk, lyddesign, live performance, osv.
I tillegg til å tilby kurs og workshops, ønsker eg å skapa eit miljø som har musikkproduksjon som hovudfokus. Eg ønsker å skapa ein skule som er praktisk retta, der teorien er formidla med eit praktisk mål. Eg ønsker å skapa rom for både unge og eldre, for lydentusiastar og musikkentusiastar, for dei som er glad i hip hop, og dei som er glad i country. Etter mange år med akademisk utdanning i musikk har eg forstått at musikk er musikk, uansett sjangar. Det handlar om ein abstrakt kunstform som brukar lyd for å uttrykka kjenslene me menneske har. Dette kan gjerast på so mange ulike måtar som det finst menneske.
For å kunna gjera dette mogleg treng me folk. Der kan du spela ei rolle. So viss du har kome so langt, og har lese innlegget, del gjerne nettsida vår med vennane dine.
Igjen, takk for at du er her, og takk for at du deler. Eg set stor pris på det!
Helsing,
Alejandro Gómez
Grunnleggar og lærar, Stord Lydskule