Besøket til Musikkloftet

02/05/2024

Førre fredag 26.april vart eg kontakta av Arve Midttun. Arve hadde lese artikkelen om Stord Lydskule i avisa. Han introduserte seg sjølv, forklarte litt om prosjektet sitt Musikkloftet, og inviterte meg til ein tur innom. Få dagar seinare var eg heldig som fekk koma på besøk.

Musikkloftet er eit utruleg flott øvingslokale og innspelingstudio i Sagvåg. Det er tydeleg at det vart bygd av ein person som brenner for musikk og er glad i å bruka tid med andre og bli kjend med andre. I dei få timane eg har vore ilag med han, kan eg seia at sånn er Arve!

Då Arve skreiv til meg for ei veke sidan, ønskte han å strekka ut ei hand. Med andre ord, ville han fortelja meg: Hei, eg heiter Arve, og som deg driver eg med musikk. Kom innom, ta ein kaffi med meg og la oss bli kjent.

Eg synest dette er so flott på så mange nivå. Han heier på initiativet mitt og meg, og er villig til å spre ordet rundt blant kontaktane sine.

Det som er flott med kunst, og sjølvsagt musikk, er at det handlar om menneske. Grunnen for at me vert lei oss når me les om nedlegging av musikkutdanningar i Noreg er fordi me som driver med dette forstår kor naudsynt dette er for oss som individuelle menneske, og for samfunnet.

Eg sit med masse takksemd etter denne opplevinga, og gler meg til fleire koppar med kaffi, meir prat om musikk, og framtidssamarbeid.