Filmmusikk
Denne workshopen i filmmusikk fokuserer på ulike komposisjons- og postproduksjonsteknikkar som kan hjelpa oss å oppnå eit meir effektfult produkt.
Når me skriv musikk, er me ofte nødt til å jobba med video, anten det handlar om eit kunstprosjekt, ein film eller serie, ein dokumentar, eller ein reklame.
Til tross for at filmmusikk i seg sjølv ikkje er ein spesifikk sjangar, er det nokre verktøy som hjelper komponisten å forsterka det som føregår i biletet.
Me skal jobba med melodi, harmoni, instrumentasjon, motivutvikling, postproduksjon og mange andre spanande verktøy.
Det passar både for musikkprodusentar, komponistar, og musikarar generelt.
Det er nødvendig å kunna bruka ein musikksoftware (daw) frå før. Om du ikkje gjer det, kan me tilby opplæring i Waveform Free, som er gratis og fullutstyrt.
Oppsummering:
- Fokus på komposisjons- og postproduksjonsteknikkar for musikk for film
- Passar for musikkprodusentar, komponistar, og musikarar generelt
- Må kunna bruka ein musikksoftware frå før
- Tilpassa innhald