Lydopptak og -redigering
for podcasters, content creators og voice actors


Ønsker du å kunna ta opp klare, jevne og varme opptak, som matchar industristandaren? Denne workshopen passar perfekt for alle dei som jobbar med stemma si: podcasters, content creators, voice actors...

Er stemma di ditt instrument? Ønsker du å kunna ta opp klare, jevne og varme opptak, som matchar industristandaren? Du treng berre ein mikrofon (mobiltelefon er eit alternativ), ein laptop, og headset.
I løpet av denne workshopen skal du læra å bruka eit lydprogram der du kan både ta opp og redigera lyd seinare. Me skal gå gjennom nokre opptaksteknikkar og triks for å gjera det beste ut av utstyret og rommet du har tilgjengeleg. Me skal deretter læra å bruka ulike lydeffektar som gate, eq, kompressor, deessing og støyfjernar. Til slutt skal me læra å legga til bakgrunnsmusikk, og eksportera prosjektet slik at det er klart for opplasting og streaming.

Denne workshopen passar difor perfekt for alle dei som jobbar med stemma si: podcasters, content creators, voice actors, osv.
Alle softwarane som skal brukast i løpet av kurset er gratis. Om du eig nokre frå før, kan du gjerne bruka dei.

Innhald og lengde kan tilpassast.

Oppsummering:

  • Fokus på opptaksteknikkar og lydredigering for dei som bruker stemma si som instrument
  • Passar for podcasters, content creators, voice actors...
  • Alle softwarane som skal brukast i løpet av kurset er gratis
  • Tilpassa innhald